Reisebrev fra Katerina: En Honningveske i Paris
Vi skulle ta direkteflyet til Paris klokka 06.50. Klokka fire om morgonen kom beskjeden: Flyet var kansellert. I staden blei vi booka om via Warszawa, med ankomst nærmare midnatt. Etter nokre fleire timar med søvn køyrde vi i halvsvime til Gardermoen. Kom vi til å klare å køyre vidare til Normandie midt på natta? Informasjonen frå SAS var sprikande, og i Polen var det ikkje SAS-personale å oppdrive. Vi landa på å køyre.
Vi suste nedover den mørklagde motorvegen medan lynstormen lyste opp himmelen. Lyden frå dekka mot nylagd asfalt blanda seg med tordenbyger og musikken frå anlegget. Eg insisterte på Taylor Swift. For kvar kilometer kom vi nærare Quinéville. Fire timar etter at vi forlét flyplassen, trilla eg bilen inn på grusplassen framfor slottshotellet. Med lommelykt lista vi oss rundt. Alt fortona seg som ein draum.
Neste dag venta fransk frukost, kaffi, sol og basseng. Eg las bok i skuggen og drakk meir kaffi. Dagen etter var det tid for å utforske, og eg fann fram Honningveska eg var så heldig å få med meg på reise som ambassadør for Ile. Fire pass fekk plass inst mot kroppen, korta i glidelåslomma, og solbriller, leppestift, bilnøklar, ein stor fransk hotellnøkkel og AirPods gjekk ned. Veska var med til Mont-Saint-Michel, på østersmiddag og krigsmuseum.
Seks dagar seinare pakka vi bilen på ny og sette kursen mot Paris. Vi åt livets croissantar, fråtsa på gode ostar, las bok ved Seinen med utsikt til Eiffeltårnet. Fekk med oss utstillinga til Hilma av Klint på Grand Palais, beundra taket på Lafayette, åt is ved Notre-Dame og rakk ein kaffi i Marais. Honningveska var trufast følgje heile vegen.
Katerina kan du følge under @bokogbolle på Instagram. Utrolig inspirerende og dyktig, og boktipsene er verdt mye!
